Vennligst vent...

Produktet ble lagt i handlekurven.Se handlevognen her
Bruker:
  
Passord:
 
 Glemt passord?
Produkter: 0  |  Subtotal: 0NOK
Kategorier Produsenter
CISCO
D-LINK
EATON
HP
IBM
LENOVO
MICROSOFT
SAMSUNG
UMATES
ZYXEL

ANNEN PROGRAMVARE

Erik Rørtveit Hovedoppgave om I spenningsfeltet mellom statskyrkje og lekmannsrørsle på Finnøy frå 1905 til 1914 (1380407084)

Erik Rørtveit Hovedoppgave om I spenningsfeltet mellom statskyrkje og lekmannsrørsle på Finnøy frå 1905 til 1914 (1380407084)

Forord For meg var bedehusa på Finnøy ein naturleg del av oppveksten og då særleg Reilstad bedehus, Betania. Her gjekk eg på søndagsskule for Ruth og Osmund Halleland og Anne Lise Nærland. Valet mitt ein søndag morgon var om eg ville gje silo eller gå på søndagsskulen, valet var i grunnen lett.
80,- [100,- inkl. mva]
 Ikke på lager
Antall: 
 

FIRMALEIE (ekskl. mva)

24-mnd
4,-/mnd
36-mnd
3,-/mnd
48-mnd
3,-/mnd
60-mnd
3,-/mnd
Ved FIRMALEIE gjelder: Etableringsgebyr 0,-, faktureringsgebyr 0,-/mnd, minimumsordre 0,-. Frakt og mva. kommer i tillegg. Forutsetter kredittgodkjenning. Firmaleie kan velges som en betalingsmåte når du går til kassen.
Beskrivelse
Support info / Nedlasting

Innleiing

Me skal i denne oppgåva inn i spenningsfeltet som oppstod mellom statskyrkje og lekmannsrørsle på Finnøy frå 1905 til 1914. Scenen som spenningsfeltet oppstod i, er viktig å ha i tankane for vurderinga av temaet. Difor vil me vise litt av Finnøy rundt 1905. Hovudaktørane vil bli presenterte, og  naturleg nok vil Sven Foldøen, mannen som kom med spenningsfeltet, få ekstra merksemd. Dette for å vite kva bakgrunn og motivasjon han hadde for å komme til Finnøy. Sven Foldøen kom til Finnøy i oktober 1905, kva og korleis skjedde det?

 

Resultata av verksemda til Foldøen og Kinamisjonen, organisasjonen han reiste for, førte til eit spenningsfelt. Statskyrkje, lekmannsrørsle og enkeltmenneske måtte ta stilling til det Foldøen og Kinamisjonen kom med. Korleis reagerte dei? Kva var det dei måtte ta stilling til, og kva var særpreget ved kristendomssynet til Foldøen? Sakramentsynet vil bli drøfta: Nattverd og dåp vart det spenningar omkring, og me vil finna ut kva som oppstod rundt denne striden.

 

Sven Foldøen haldt ein tale på Finnøy 1. januar 1909 som førte til reaksjonar. Kva sa han og kva vart reaksjonane? Forholdet mellom lekmannsrørsle og prestane på Finnøy vil bli behandla,og kva skjedde mellom desse partane? Foldøen vart også diskutert internt i Kinamisjonen. Korleis reagerte dei andre organisasjonane på arbeidet hans? Til slutt vil me følgje spenningsfeltet mellom lekmannsrørsle og statskyrkje på Finnøy dei siste åra fram til 1914. Kva partar oppstod og korleis forhaldt dei seg til kvarandre?

 

Bakgrunn – Eit utblikk på stad og samfunn

På veg til Finnøy

Me skal ta turen til Finnøy for rundt hundre år sidan. Mykje har skjedd på desse åra, og me skal nå prøve å vise litt av scenen for oppgåva vår. Det vil vere naturleg å ta turen i båt til Finnøy frå Stavanger. Den første rutebåten til Finnøy gjekk frå Stavanger onsdag 7. november 1855[i]. Dette signaliserer endringar frå delvis naturalhushald til handelsøkonomi. Fram til 1905 skjer det mykje; folketalet på ti år i Stavanger endrar seg med 6.000 til 30.000 innbyggjarar[ii], dette er frå 1890 til 1900. Denne framgangen heng saman med det som skjer i området rundt Stavanger. Bøndene i Rogaland har dei siste tiåra arbeide med utskifting av jord, lagt om produksjonen og innført meir moderne produksjonsmetodar. Undervisning innan landbruk gav gode resultat, og betre kommunikasjonar gjorde det lettare å nytte kunstgjødsel og å omsetje produkta frå garden  på ein måte som viste i taska. Husdyrbruket fekk stadig meir å seie og tala viser  at det nærast var ei fordobling av talet på husdyr i frå 1900 til 1905.[iii] Denne utviklinga fører til at ein får fleire båtar og i 1905 er det to selskap som har rutebåt til Finnøy.[iv] Me kan ta ein båt med namn Øybuen, Fjordbuen eller kanskje me skal ta båten Robert? For å vise at det er ei anna tid kan me seie at me kan ”velje” om me vil reise på første eller andre klasse. Eit blikk på skipsmenyen viser oss at det blir servert middag på første klasse til 2 kroner, mens det på andre klasse blir servert: ” 1 portion varm mad af  Dagens kost med Poteter og Brød” for femti øre.”[v] Her er forskjell på folk.

 

Busetnaden på Finnøy

Folketeljingar viser at det for Finnøy kommune (slik han ser ut i dag 2006) i 1801 var 1.628 innb. I 1835 var det 2.381, mens me får ein topp i 1865 på 3003, og i 1900 er talet på innbyggjarar gått ned til 2.522.[vi]  I 1821 reiste Kleng Person til Amerika frå Finnøy for å sjekke moglegheitene for utvandring. Han kjem tilbake med meldingar om at det er gode forhold for jordbruk og skogbruk på prærien. Med dette starta eit viktig kapittel i norsk historie, der Finnøy spela ei sentral rolle.[vii] Gunnar Skadberg meiner at det frå Finnøy i tidsrommet 1850 til 1890 reiste snautt 200 personar til Amerika. Det reiste folk frå kvar einaste gard på Finnøy. Utvandringa til Amerika har sett farge på kvardagen frå 1830 og opp til 1905. I starten av dette tidsrommet var det for mange ein nødvendighet å reise, mens det rundt 1900 var meir ein mulighet. Men utvandringa har vore ein viktig faktor i denne tida. Breva som kom frå dei som reiste har nok lagt grunnlag for mykje av det som vart snakka om rundt omkring på Finnøy.

 

I 1905 bur folket stort sett på gardar og lever for det meste av jordbruk og fiske. Utviklinga går fort og stadig nye oppfinningar gjer at ein får nye reiskapar innan  fiske og jordbruk. I tillegg tileignar folket seg stadig meir kunnskap om faga slik at dei vert dyktigare innan kvart fagområdet. Me må sjå føre oss gardane som sentrum” av Finnøy med store barneflokkar og høg aktivitet. På gardane har det auka på med både kyr, sau, gris og høns dei siste åra. Me må heller ikkje gløyme drengen og tenestejenta. Klassedelinga i samfunnet rundt 1905 var heilt annleis enn ho er i dag. La oss tenkje oss forholdet mellom mann og kvinne, mellom vaksne og ungar, lærar og elev, mellom øvrighetspersonar og ”vanlege folk” og mellom arbeidsklassar som bonde og dreng. Skipsmenyen som me såg på tidlegare viser godt dette forholdet. Det er også stort engasjement rundt det som skjer i politikken. Noreg har blitt eigen nasjon, og det har også Finnøybuen fått med seg.[viii]

 

Samferdsel på Finnøy rundt 1905

Me går i land på Judaberg. Kaien me går i land på er nettopp nybygd.[ix] Det har skjedd mykje på samferdselsektoren i det siste. Stortinget godkjende i 1900 planane for kaiar og vegar på Finnøy. Før denne tid hadde dei berre vegen frå Kyrkja og til Svinhagen (Nåden), denne gjekk under namnet ”Prestavegen.”. Finnøy Herad overtok og opparbeidde vegar og kaiar frå private i 1900 til 1902 og den totale kostnaden var på 52.000 kroner. I 1905 er det ”ringveg” på nordre del av Finnøy med armar frå Kvame til Ladstein og frå Hesby til Søre Vignes. Det er også veg til dei tre kaiane på Reilstad, Steinnesvåg og Judaberg.

 

Folkebibliotek og skule

Biskop Peder Hansen, ca 1800, gjorde det til ei embetsplikt for prestane sine å få i stand leseselskap. Den 9. november 1800 var det samla 33 medlemmer hjå sokneprest Søren G. Abel;  Findøe Læse-Selskab blei stifta, og bøker for ti riksdalar kunne lånast ut. Ein veit at Eidsvollsmannen Asgaut Regelstad var ein av dei mest ivrige lesarane. Gabriel Kielland var sokneprest på Finnøy frå 1824 til 1837, han fekk i 1829 vald ei nemnd som skulle reinsa ut bøker etter følgjande ”råd”: ”1. Den bog som lærer anderledes end den hellige Skrift og Luthers Catechisme om Troens Sanhed, er skadelig. 2. Skadelig er ogsaa den som fører et letsindigt Sprog. 3. Forkastelig er den, som uden at give et reelt Udbytte medtager lang Tiid at læse.”[x] Nemnda kom fram til at ni bøker var unyttige og 41 var skadelege! Gabriel Kielland skulle her rydde opp etter rasjonalistane. Soknepresten hadde ansvaret for boksamlinga heilt fram til 1901. I 1901 blei det vedtatt at bøkene skulle skiftast mellom skulekrinsane og lærarane skulle ha ansvar for dei. I 1909 vart  det vedtatt å reise Finnøy Folkeboksamling, då med hjelp av staten, kommunen og Finnøy Sparebank.[xi] I 1905 har ein skule på Finnøy på Lauvsnes, Reilstad og Hesby, skulen er styrkja sidan 1837.[xii] 

 

Formannskap og Heradsstyre

Formannskapslova for landet vårt vart vedtatt 14. januar 1837. Det blei vedtatt at det skulle veljast formannskap for kvart prestegjeld. Finnøy herad bestod av: Finnøy, Talgje, Nord-Fogn og Hanasand. Heradet var på 42,42 kvkm (Hanasand var på 0,77 kvkm, og vart innlemma til Rennesøy prestegjeld i 1918.)[xiii] I 1905 er det bonde Nils M. Ladstein som er ordførar for eit heradsstyre på 16 mann.[xiv]  Det kjem nye ansvarsområdet til kommunen i form av auka satsing på samferdsel, helse, bibliotek og skule. Frå før har ein ansvar for kyrkja og fattigkassa. Kommunen er i ferd med å få ei stadig viktigare rolle i samfunnslivet.

 

Finnøy Sparebank

Banken på Finnøy vart stifta i 1852 og var saman med Hjelmelands-banken den første banken i Ryfylke. Frå gamalt av var det slik at trong ein pengar, gjekk ein til den naboen som hadde pengar på kistebotnen. Fekk ein ikkje lån av naboen, måtte ein til byen og låna pengar i ein bybank, men då måtte ein ha kausjonistar frå heimbygda og dessutan frå ein kjend kjøpmann i byen. Vedtektene syner at det ikkje var spekulantar som stifta banken. I vedtektene heiter det at eit eventuelt overskott skulle gå til ”veldædige øiemed” i heradet.[xv]. Banken stødde opp om gagnlege tiltak som sjukerøkt, folkeboksamling, bedehus, og i tillegg var banken i regelen den største skattytaren i heradet. 

 

Kyrkja på Finnøy

Ingen har til nå klart å finne ut kva tid Hesby kyrkje blei bygd. Men ein reknar med at det var rundt 1250. Det finst skriftlege kjelder om kyrkja  på Finnøy i Diplomatarium Norvegicum frå 1309. Her er det eit dokument som syner at sju menn vitnar at fru Ingeborg på Fit vart samd med biskop Ketil i Stavanger at ho gav 40 mark til oppbygging av brystet i Finnøy kyrkja. Til trygd pantsette ho til domkyrkja i Stavanger ti månadsmatbol i Berge på Finnøy. Det er ikkje sagt om kyrkjebrystet då var til nedfall eller om dette stod att av arbeidet.[xvi] Reformasjonen gjorde at staten overtok kyrkja og alt kyrkjeleg. Det var slik heilt fram til 1724. Etter den store nordiske krig som varde frå 1709 til 1720[xvii] fann styresmaktene ut at dei måtte selje kyrkjer. Ut frå eit skøyte som er datert Fredriksberg 12. desember 1724 er Hesby kyrkje seld til: ”Eivind Jacobsen Faae, Lars Knudsen Naaden, Jacob Eivindsen Faae, Erik Evindsen Steenæs og Rasmus Jonsen Løfsnes.” Kjøpesummen var på 530 rd.[xviii] Kyrkja var på private hender heilt til 1. januar 1870. Kommunen overtok kyrkja for 400 spd, og det vart vedtatt å pusse opp kyrkja for 600 spd. Når me kjem til 1905, er det store problem med taket; pannene klarer ikkje å halde tett. I 1908 vedtek heradsstyret å sjå nærare på dette problemet, og i 1911 vedtek dei å leggje eit tak med skifer.[xix] Skulle folket til kyrkja i 1905, måtte ein enten gå eller komme med hest. Det var stall til ti hestar utanfor kyrkja.[xx]

 

Bedehuset på Finnøy

Bethel blei bygd etter Lars Oftedal sine vekkingsmøte i 1874. Det var mange som kom med i vekkinga, unge som gamle og det endra mykje av folkelivet. Presten på Finnøy, Peter Johan Norman Meyer, blei formann i byggjekomiteen. Saman med Lars Oftedal blei dei samde om at dei måtte få eit bedehus som låg strategisk i forhold til rutemønsteret som var på denne tida. Det var då naturleg å leggje bedehuset nær dampskipskaien på Judaberg. Grunnsteinen vart lagt ned 28. mai 1877 av Lars Oftedal. Etter mykje arbeid kunne dei innvie Bethel 16. september 1878. Andre pinsedag i 1879 vart det tillyst stormøte for indremisjonen i Rogaland. Lars Oftedal meiner at det var 1.600 menneske innanfor dørene.[xxi] 

 

Oppsummering av forholda på Finnøy 1905

Slik var nokre av forholda på Finnøy omkring 1905. Det er stor aktivitet innan dei fleste områda: samferdsel med båtar, kaiar og nye vegar. I landbruket har det skjedd mykje berre frå 1900 og fram til 1905 i dyrehald, reiskapar og utdanning. Kommunen sine oppgåver vert stadig fleire, og politikarane må ta stilling til fleire fagfelt. Politikarane må utvide skulen for å gi betre utdanning. Ein bank er oppretta og er aktiv medspelar i kommunen. Samfunnet nærmar seg meir den moderne hushaldning. Framgangen i Noreg og på Finnøy gjer at utvandringa til Amerika er i ferd med å avta, alle gardane på Finnøy har folk dei kjenner som er reiste til Amerika. Utvandringa har vore ein viktig del av kvardagen fram til 1905.

 

Kyrkja er tilbake på offentlege hender, og det er eit bedehus på Finnøy i 1905. Det er optimisme i stovene på Finnøy rundt 1905.



[i] R. A. Lorentzen, Det Stavangerske Dampskibsselskab, Stavanger 1955, s. 26.

[ii] R. A. Lorentzen, 1955, s. 118.

[iii] R. A. Lorentzen, 1955, s. 118.

[iv] R. A. Lorentzen, 1955, ss. 124-131.

[v] R. A. Lorentzen, 1955, s. 150.

[vi] http://regionstatistikk.stavanger.kommune.no/3Befolkning/31.htm

[vii] Samtale med Gunnar Skadberg 09.04.06.

[viii] Samtale med Berge Furre 02.02.06. Han fortel om høg politisk aktivitet i Ryfylke rundt 1905.

[ix] Finnøy Heradstyre, Finnøy Herad i hundre år 1837 – 1937, Stavanger 1937, ss. 28-32.

[x] Finnøy Heradstyre, 1937, s. 40.

[xi] Finnøy Heradstyre, 1937, ss. 39-41.

[xii] Finnøy Heradstyre, 1937, s. 15.

[xiii] Finnøy Heradstyre, 1937, ss. 7-11.

[xiv] Finnøy Heradstyre, 1937, ss. 75-80.

[xv] Finnøy Heradstyre, 1937, ss. 47-50.

[xvi] Finnøy Heradstyre, 1937, s. 52.

[xvii] Samtale med Gunnar Skadberg 18.03.06.

[xviii] Finnøy Heradstyre, 1937, s. 54.

[xix] Finnøy Heradstyre, 1937, ss. 51-57.

[xx] Samtale med Arne Hesby 16.02.06.

[xxi] Bethel- ein bauta i bygda. Artikkel av Tor Øyvind Skeiseid.

Selv om vi gjør vårt beste for å gi relevant informasjon, så er bildene kun for å gi et generelt inntrykk, og selve varen er ikke nødvendigvis akkurat slik som avbildet. Dersom det er forskjeller mellom produktoverskrift, beskrivelse og bilde, så er det produktoverskriften som gjelder (f.eks. PCer kommer ikke nødvendigvis med skjerm selv om bildet viser det). Hvis noe er uklart, vennligst send epost til kundestøtte før du bestiller. Vi tar forbehold om trykkfeil og endring av priser og spesifikasjoner uten varsel.
I vår webshop finner du det meste innen data !

Kontakt oss på salg@hesby.net for et besøk av våre konsulenter eller ring tlf:51532053

RETT I POSTKASSEN
Meld deg på for å motta spesialtilbud og nyheter per epost.
   
Konfiguratorer